NATT I DESEMBER - Iver Kleive & Knut Reiersrud

NATT I DESEMBER - Iver Kleive & Knut Reiersrud

Os Kyrkje, , 5200 Osøyro Kort

fös 27. nóv 2026 18:30

Det legendariske radarparet Iver Kleive og Knut Reiersrud treng knapt nærare presentasjon. I meir enn tre tiår har dei fylt kyrkjer og konsertlokale over heile landet med sitt heilt særeigne musikalske uttrykk. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar, klassisk kyrkjemusikk og eigne komposisjonar har dei skapt eit musikalsk landskap der tradisjon og nyskaping møtest på meisterleg vis.

Fredag 27.11.2026 kjem dei til Os kyrkje med programmet «Natt i desember», ei stemningsfull musikalsk reise inn i julehøgtida. Her får publikum oppleve velkjende og kjære julesongar i nye og vakre arrangement, framførte med den særmerkte klangen som berre desse to musikarane kan skape.